Røde Kors stiller sterkt i Sykkel-VM

Du vil ikkje unngå å leggja merke til at Røde Kors stiller eit sterkt mannskap under Sykkel-VM.

Sotra Røde Kors vert godt synlege under Sykkel-VM.

– I Fjell er 28 personar på plass på arrangementssonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume både 23. og 24. september, seier korpsleiar i Sotra Røde Kors Hjelpekorps, Fredrik Mathiesen.

Oppgåva til Røde Kors vert å passa på publikum om det skulle skje noko. Hjelpemannskapa vil gje førstehjelp fram til ambulanse og legepersonell er på plass. Det handlar gjerne også om å plastra små kutt og hjelpa til om barn skulle koma vekk frå foreldra.

Fredrik Mathiesen ser fram til at hjelpekorpset kan hjelpa til under denne store meisterskapen.

-Dette vert kjekt. Det er ikkje så ofte vi har så store arrangement her ute. Det næraste er vel Periferifestivalen. Vi er godt førebudd til dette. Vi er uniformert og godt synlege, og vi stasjonerer oss på postar i tillegg til at vi går rundt blant folk i arrangementssonene, seier Mathiesen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sotra Røde Kors Hjelpekorps