Sykkel-VM og teknologiselskapet Motitech har inngått eit samarbeid der dei eldre får høve til å sykla til VM.
Prosjektet «Sykkel-VM for eldre» vert ein del av folkehelsekampanjen «Sykle til VM» som startar opp i midten av april.
– Motitech gjer allereie eit fantastisk arbeid på institusjonar og dagsenter i heile Norden for å motivera eldre til å verta meir fysisk aktive. Dette samsvarar fullt ut med det vi ønskjer med folkehelsekampanjen, «Sykle til VM», seier sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen til nettsida til Bergen 2017.
