Skjerping heldt ord; han var først på Straume

Sundag føremiddag hadde nok Kristoffer Skjerping ei av sine største opplevingar. Fem-seks tusen personar tok imot og hylla ryttaren frå Sekkingstad då han leia hovudfeltet i fellesrittet i Sykkel-VM for seniorar rundt Sartor Storsenter.

Kristoffer Skjerping gjorde som han lova. Han var først i hovudfeltet gjennom Straume sentrum.

Rett nok var det nokre ryttarar som låg framfor i eit rykk, men Kristoffer kunne glisa og bukka, som TV2-reportarane sa, då han passerte den store folkemengda.

I dag var det kanskje dobbelt så mange langs løypetraséen som i går. Det var fullt av folk ved startområdet på Rong i Øygarden og ved heiasonene lengre sør i kommunen. I Fjell var minst tusen personar smala langs løypa i Ågotnes-området og opp mot det same på Kolltveit. Langs løypa sørover var det i grunnen folk å sjå heile vegen. På Straume var det kanskje fem – seks tusen. Dermed var nok åtte – ti tusen personar langs løypetraséen i Fjell på den store finaledagen.

Skjerping og Hushovd markerte seg

Konferansier Kjellemann piska opp stemninga då ryttarane nærma seg Straume.

– Her kjem politiet, gje dei applaus, sa Kjellemann og fekk full respons på oppmodinga. Men mest respons fekk han då Kristoffer Skjerping skulle hyllast. Og det var elektrisk stemning då Kristoffer var i front på det store hovudfeltet på Straume. Han bukka og takka publikum høfleg då han passerte det elleville publikummet.

Thor Hushovd handhelsa på mange i dag.

Og om ikkje dette var nok, dukka den tidlegare meritterte syklisten Thor Hushovd opp i dag som i går. Det vart ein spasertur han hugsar lenge då han vandra til vill jubel i løypetraséen og vart intervjua av Kjellemann.

– Dette er heilt fantastisk. Det er svært rørande og smigrande å oppleva dette, sa Hushovd. Det var nok litt spesielt for passasjerane i eit hundretals følgjebilar og motorsyklistar som følgde etter ryttarane. Både sjåførar og passasjerar filma og tok bilete av den store folkemassen langs løypa.

– Dette var ein draum

Etter at Kristoffer Skjerping hadde gjort jobben sin for laget, kunne han nyta det faktum at han vore med på noko stort.

– Det kjennest ut som ein draum, og det var over alle forventningar. Det var heilt fantastisk å sykla ute på strilalandet med så mange ivrige strilar. Eg er så takksam for at eg fekk vera med på dette eventyret. Dette er utan tvil noko eg kjem til å hugsa til eg går i grava, seier Kristoffer Skjerping.

Vinnar av fellesrittet for menn vart slovakiske Peter Sagan, nokre få desimeter framfor norske Alexander Kristoff.

Dei som selde varer og mat på Sotraplassen og området omkring så ut til å gjera det bra.

– Den første dagen laga vi 20 liter med masse for å dekkja behovet for sveler, opplyste medarbeidarar i Basecamp. I dag var salet langt større.

Øygarden fekk besøk av statsminister Erna Solberg. Her er fleire bilete frå Øygarden.

Kultursjefen må tatovera seg

Kultursjef Lennar Fjell har lova å tatovera seg dersom det vart sett ny verdsrekord og dermed omtale i Guinness rekordbok på minst 250 utkledde vikingar. Førebels teljing viser 265 utkledde vikingar.  Les eigen artikkel om dette.

Vi kjem tilbake med fleire bilete frå andre stader langs løypa.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martin Eilertsen og Monica Hovland

Martin Eilertsen var også i sentrum og fekk med seg bilete frå den siste delen av løpet. På det første biletet ser du mellom anna Kristoffer Skjerping då han passerer over Puddefjordsbroen. Sjå nedanfor.

Fotogalleri Straume

Galleri Bergen sentrum