Skreiv under avtale om å vera Sykkel-VM-ambassadør

Under VM-samlinga på den restaurerte fjordabåten Vestgar torsdag kveld skreiv ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og den lokale syklisten Kristoffer Skjerping under avtale ein om at han skal vera VM-ambassadør. Atalen innebér mellom anna at Skjerping får 30 tusen kroner i støtte frå Fjell kommune.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Kristoffer Skjerping underteikna VM-ambassadøravtalen torsdag kveld.

Kristoffer Skjerping skal sykla lagtempo i Sykkel-VM sundag 17. september med start på Askøy. Han vart ikkje teke ut på fellesritt for menn senior 24. september som var hans store mål denne sesongen. Han legg ikkje skjul på at han er skuffa, men syklisten frå Sekkingstad i Fjell er ikkje typen til å setja seg ned å stura av den grunn. Han ser framover.

– Eg vart ganske lei meg då ikkje vart teken ut på laget, men samstundes må eg seia at det er fortent at dei som er tekne ut, får sykla fellesrittet. No handlar det om lagtempo, og målet vårt er å hamna blant topp 10, seier Skjerping som var saman med fire av dei andre på Joker Icopal-laget på VM-samlinga torsdag kveld. Det vert ein knivskarp konkurranse også i lagtempo når dei beste laga i verda stiller med lag.

Satsar for fullt neste sesong

VM i september vert det siste rittet for Kristoffer Skjerping denne sesongen. I haust skal han flytta til Eidsvoll og førebu seg til ny sesong.

– Det handlar om å vinna ritt, seier Skjerping som ønskjer å gjera det godt i ritt som Tour des Fjords, Tour of Norway, NM og Arctic Race of Norway.

På inspirasjonssamlinga vart det gjeve informasjon om kva som skjer i arrangementssonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume. Det vart gjeve informasjon om tilbod i Luftskipet på Straume, oppleggi regi av Fjell Kystlag og tilbod til bubilturistar. Det vart også gjeve informasjon om forsøket på å setja verdsrekord i utkledde vikingar. Den lokale artisten Martin Engelsen framførte sin lokale VM-song både på norsk og engelsk.

Martin Engelsen framførte VM-songen sin; Skjergrdsvegen

Denne kvelden fekk VM-folket gleda av å få ein tur med MS «Vestgar» mellom Brattholmen og Ågotnes. Einar Geitanger i Øygardsbåtane opplyser at denne båten gjekk mellom den nordre delen av Fjell og Øygarden mellom 1957 og 1979. Seinare fungerte båten som misjonsskip i regi av pinserørsla. I 2007 vart båten kjøpt «tilbake» og stasjonert på Solsvika. Dei ti siste åra er det lagt ned 35 tusen dugnadstimar for å rusta opp båten. Riksantikvaren har gjeve båten vernestatus. Vestgar er no sertifisert for 100 passasjerar.

Her er fleire bilete frå VM-samlinga torsdag kveld: