Stor sykkeldag på Straume på laurdag

Laurdag den 8. april inviterer Cykleklubben Sotra i samarbeid med Fjell kommune til familiesykkeldag på Sotraplassen på Staume. Det er lagt opp til ei rekkje aktivitetar. Mellom anna skal Martin Engelsen presentera Sykkel-VM-songen «Skjærgardsvegen».

Ifølgje arrangøren kjem kanskje både ordførar og varaordførar. Det vert konkurranse om kven som får raskast tid på tusen meter på rulle med innlagt motstand.

Men det handlar om mykje meir. Du får demonstrert El-sykkel, sykkelsjekk på sykkelen din, spinning, marknad, konkurranse, Pump- Track-løype og klatrevekk for å nemna noko.

Det er berre til å møta opp til ein festdag på Sotraplassen klokka tolv på laurdag.

Plakat med program

Her finn du plakat for Familiesykkeldagen på Sotraplassen.

Foto frå i fjor

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: CK Sotra