Sykkel og kunst på Brattholmen skule

Ved inngangen til Brattholmen skule vert du møtt av fargerike syklar. Alle elevane har den siste tida hatt sykkel og Sykkel-VM på dagsorden. I sist veke gjennomførte 5. – 7. klasse Tour de Brattholmen frå Brattholmen til Hjelteryggen, langs Kyrkjevegen til Foldnes kyrkje med retur til skulen.

Frå venstre; Martine Josefine Sunde, Caroline Landro og og Ayleen Ebbesvik.

Denne veka er elevane i full gang med kunstproduksjon. Ved inngangen sit elevar frå fjerde og sjette klasse og dekorerer syklar med ulltråd. Det skal vera fargerikt, og fargane i flagga til nasjonane og draktane er eit grunnelement i kunsten.

Nokre av elevane lurer på korleis deltakarane skal makta å sykla opp mot 280 kilometer på seks-sju timar.

– Dei vert nok slitne, men det vert gøy seier Caroline Landro medan ho tvinnar ulltråd rundt spiler, dekk og styre på sykkelen.

– Kor mykje brukar du sykkelen? spør vi ein av dei andre fjerdeklassingane.

– Eg syklar av og til. Det vert mest sykling om sommaren. Eg er trygg når eg syklar på fortauet og sykkel- og gangstien, seier Ayleen Ebbesvik som ikkje er sikker på om ho skal sjå på ryttarane når dei passerer Fjell to dagar i september.

God fantasi

Det er lærar Reidun Tyssøy som har hovudansvaret for kunstprosjektet (forming) på Brattholmen skule. Ho viser oss frå rom til rom, og fantasien er det ikkje noko å seia på.
Arbeidet med forming held fram også etter at elevane kjem tilbake frå ferien. Ein del av kunsten kan verta permanent utsmykking på skulen.

– 1. – 4. klassetrinn har hatt tur til Tyssøyna, og mellomsteget har hatt sykkelritt til Hjelteryggen. Vi har delt prosjektet inn i tre grupper; uteaktivitetar, teori og forming, og lærarane har sjølv valt kva gruppe dei skal leia, opplyser Tyssøy.

Ein av dagane var det aktivitetsdag med løype i området ved Sotra Arena. I teorigruppa har det handla om sykkelhistorie, gjennomgang av løypetraséane under Sykkel-VM og matematikk.

– Sykkelen har former som til dømes sirkel og trekant, og dermed vert det litt geometri også, seier Reidun Tyssøy.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Brattholmen skule:

To elevar frå 6a; Hannah Skare Halleråker og Bastian Arefjord Borveit.

Foto: Brattholmen skule