Sykkel-VM på omsorgssenteret i Øygarden

Salhuskvintetten syng om sommar og sol og stemninga er munter når filmen på lerretet syner ein solskinsdag  i Øygarden og Dagavdelinga på Tednebakkane omsorgssenter er på sykkeltur.

Fem muntre damer er på plass i trimrommet på dagavdelinga. Om ikkje alle har høve til å delta på sykkelturen, er det likevel ein sosial møteplass.

Frå v. Margot Alvheim, Johanna Torsvik, Ruth Flåten og Martine Midtgarden

Margot Jacobsen frå Rong er nett fylt 90 år og gler seg over selskapet saman med Ruth Flåten (84), frå Oen. Ruth er hindra i å delta grunna ein vond fot. Men Johanna Torsvik ( (93), frå Torsvik, som aldri har sykla før, synes det er strålande å få vera med på trimmen. Det same synes Margot Alvheim (81) som har budd i Bergen heile sitt vaksne liv, men som no er flytta heim til Blomvåg.

Frå v Ruth Flåten, Margot Jakobsen

Ergoterapeut Martine Midtgarden instruerer og motiverer. Når filmen frå Frekhaug og Herdla er over, kjem ei sjøreise frå Hernar til Nautnes på, og diskusjonen går om kven som bur i husa og minner frå liknande turar vert løfta fram.  For sjølv om storm og regn skulle herja ute, kan brukarane sykle i sola heile året!
I løpet av våren er eit trist lager omgjort til treningsstudio med trimsyklar og storskjerm for visning av film. For filmar som er tatt opp på trimmaren sin heimstad, gjev ei oppleving av å sykla på kjente og kjære plassar!

Sykkel-VM på Tednebakkane omsorgssenter
Forløpig har 3 brukarar meldt seg på» Sykkel-VM for eldre  «som vert arrangert mellom august og oktober. Då er det om å gjera å sykla mest mogleg og resultata vert notert! Nokre har allereie lagt seg i hardtrening, fortel Martine. Men først vil mange brukarar vera med og sjå når Sykkel-VM går av stabelen i Øygarden den 23. og 24. september. Då kan dei henta inspirasjon til å stå på i konkurransen med eldre både i Norge og mange Europiske land.

Ergoterapeut Martine Midtgarden sjekkar kor langt Margot Alvheim har sykla
Ei svært nøgd Margot alvheim etter dagens sykkeltur

Medan praten går, har Margot Alvheim allereie sykla 5 km og får skryt av alle. Sjølv kjenner ho at det var nett nok for i dag. Så får Johanna Torsvik oveta den beste sykkelen og gler seg over å få litt fart på trøene. Dagavdelinga på Tenebakkane omsorgssenter har to veleigna syklar, men planen er å få fleire. Sykkelprosjektet er i oppstartsfasen og vart etablert i mars – april 2017, godt inspirert av Sykkel-VM. Det er firmaet Motitec som har utvikla og levert konseptet. Det er eit motivasjonsverktøy som stimulerer eldre og personer med demens til auka fysisk aktivitet. Ved hjelp av levande bilde og lyd kan brukar dra på sykkeltur i kjente omgjevnader og henta fram gamle minner.

Ergoterapeut Martine Midtgarden er prosjektansvarleg og passar på at alt fungerer som det skal. Ho har hatt opplæring og vore på samling med andre kollega frå sjukeheimar som har tatt i bruk det same trimverktøyet. Her har ho henta inspirasjon og fått idear til korleis ein kan motivera både brukarar og personalet. Personalet si innstilling til bruken av trimverktøyet er nøkkelen til suksess, seier ho. Ternholmsenteret brukar syklane på kveldstid. Målet er at alle brukarar på omsorgssenteret som har nytte av dette verktyet, skal få tilbod om det. Kanskje Sykkel-VM 2017 kan verta det store motivasjonsfaktoren for å fleire med på å ta i bruk sykkeletrim både på omsorgssenteret og i heimane?

Ergoterapeuten legg til rette for sykkelturen
Ergoterapeuten instruerer Joanna Torsvik
Johanna Torsvik på sykkeltur med Øygarden på lerretet

 

Instruktør og eroterapeut Martine Midtgard syner filmkonseptet