Sykkel-VM: Planlegging, planlegging, planlegging

Dei 100 personane som møtte fram på inspirasjonssamlinga i Fjell kulturhus torsdag kveld fekk bodskapen banka inn av Kjellemann (Kjell Sigvart Heltorp): Planlegging, planlegging, planlegging.

Tre lokale sykkelheltar viste korleis det kan trenast trygt og godt inne i god temperatur, Nina Reiners, Simen Paulsen og Øyvind Fjeldstad.

Det handlar naturleg nok om planlegging når bergensområdet i september neste år får oppleva det største idrettsarrangementet her i landet sidan Lillehammer-OL i 1994. Bergen 2017 går over ni dagar med 12 konkurransar, 1 150 utøvarar frå over 80 nasjonar. Det er rekna med 500 tusen tilskodarar og 1 500 – 2 000 frivillige medarbeidarar. 300 millionar vil følgja arrangementet på TV.

– Vi veit at dette vert eit fantastisk meisterskap. Sjølv om vi slit litt i TV2 no, står vi hundre prosent bak Sykkel-VM. Vi har ambisjonar om å koma ut av Bergen.Programmet God Morgon Norge skal vi ta ut til regionen, og dermed må de finna på morosame ting. Hugs at vi sender alle ritta dei ni dagane direkte over heile verda til dei stasjonane som vil senda frå Sykkel-VM, sa prosjektleiar i TV for Sykkel-VM, Trond Ahlsen.

Kjellemann (Kjell Sigvart Heltorp) sleit med sitt, men fekk stemninga opp.

Sotra Kystby satsar stort og tungt

Senterdirektør i Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, opplyste at Sotra Kystby har oppretta ein eigen prosjektorganisasjon som skal ta hand om Sykkel-VM.

– Vi er glade for at det enda opp med at sykkelløypa går via Sartor Storsenter. Dette er det største marknadsprosjektet for oss i heile 2017, sa Skålnes og viste til ei rekkje aktivitetar som skal gjennomførast i samband med Sykkel-VM. Aktuelle aktivitetar/arrangement er familiedagar, sykkelkarusell, konkurranse om den kulaste sykkelen på Sotra, dans langs løypa, skulekonkurranse, sykkeltaxi og forskjellige folkehelsetiltak.

Trond Ahlsen, TV2

Sotra Cykleklubb er ein sentral aktør i alle dei aktivitetane det vert lagt opp til både før, under og etter Sykkel-VM. Frode Erstad i sykkelklubben presenterte både tradisjonelle ritt, aktivitetar og nye tiltak i 2017 i samband med Sykkel-VM. Eitt av dei nye ritta er Grendarittet på Fjell festning der det er lagt opp til ei rundløype på ei nautisk mil (1810 meter) der det vert konkurrert grend mot grend. Det er nok ei konkurranseform som mange vil delta i her ute.

Kristoffer Skjerping har høge mål

Den lokale sykkelhelten her ute, Kristoffer Skjerping, var sjølvsagt på plass. Denne gongen hadde han med seg sambuaren sin, talentet Miriam Bjørnsrud.

Kristoffer Skjerpin og Kjellemann

– Målet mitt er å få delta i Sykkel-VM. Og om eg stiller i fellesstart, er neste mål å ha eit utbrot i løpet av rittet, seier Kristoffer då me slår ein prat etter arrangementet torsdag kveld. Han er vel vitande om at det er andre som står i front då det er nokre få hundre meter igjen til målgang. Men så er ungguten frå Fjell berre 23 år og har venteleg ei lang karriere framfor seg.

– Mitt mål er også å verta teken ut på laget og få ei kapteinsrolle, seier Miriam.

Kristoffer sitt store mål er dermed landevegsrittet sundag den 24. september som startar i Øygarden og går via Fjell til Bergen. Landevegsrittet (fellesstart) for kvinner går laurdag den 23. september. Dette rittet har løypetrasé i Bergen.

Erik Halvorsen

Marknads- og kommunikasjonsdirektør Erik Halvorsen minna forsamlinga om at dette vert det største sommaridrettsarrangementet nokosinne.

– Dette skal vera spektakulært, inspirerande og populært. Bergen, fjordane og kysten vert rammene for arrangementet, sa Halvorsen. Han viste også til at arven er å promotera og utvikla sykkelsporten i Noreg, fremja kvardagssykling, få samfunnsgevinstar og fremja folkehelse.

Den politiske leiinga i Fjell kommune var representert ved ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik. Marianne Sandahl Bjorøy var tydeleg på at også her vest for Sotrabrua skal vi klara det dei klarte i nord i Arctic Race of Norway. Indrevik viste til det same i Suldal der «alle» i Suldal var ute i pøsande regnvér i rittet Tour des Fjords.

Martin Engelsen hadde laga ein vakker song for Sykkel-VM, «Skjergardsvegen».

Her er fleire bilete frå arrangementet torsdag kveld: