Sykkel-VM: Regulerer Vestsidevegen og Bildøyvegen to dagar

Dei to dagane det vert sykkelritt i Øygarden og Fjell vert hovudtraséen for ritta stengd i tre timar. Vestsidevegen og Bildøyvegen vert regulerte.
– Gjennomføringa av VM-ritta laurdag 23. september og 24. september medfører stengde og regulerte vegar. Difor oppmodar vi folk til å sykla, gå eller å nytta kollektivtransport i denne perioden, seier beredskapsleiar i Fjell, Sveinung Nymark.

Foto: Tom Guldbrandsen, Bergen 2017

Les fleire detaljar her.

Stengde vegar

I hovudtraséen for rittet vert vegen stengd i tre timar i to dagar. Laurdag den 23. september vert hovudvegen (fv 561/rv 555) mellom Rong, Ågotnes, Kolltveit, Straume og Bergen stengd mellom klokka 08.30 og 11.30. Sundag den 24. september vert løypetraséen stengd kl. 09.30 – 12.30. Det same gjeld strekninga mellom rundkøyringa på Kolltveit og avkøyringa på Blommen mot Bildøyna. Dette får dermed konsekvensar for trafikken både for dei som bur i Sund, Fjell og Øygarden.

Regulerte vegar og område

For å sikra framkomst for naudetatane er det nødvendig å regulera nokre vegar utanom løypetraséen. I ordinær stengetid (tre timar) er det ikkje mogleg å køyra inn i desse vegane.

  • Bildøyvegen (kv 1292): Open for interntrafikk, men stengd innkøyring v/ Sartor Storsenter og Bildøyosen i ordinær stengetid.
  • Vestsidevegen (Ågotnes-Møvika, fv 210): Open for interntrafikk, men stengd for innkøyring ved Ågotnes og Møvika i ordinær stengetid.
  • Trafikantar som bur på eller i Hjelteryggen, Valen, Arefjord, Foldnes, Straume, Brattholmen og Ebbesvika kan ikkje køyra ut av desse områda i ordinær stengetid.
  • Utrykkingskøyretøy kan nytta vegane.
  • Tidsavgrensa redusert fartsgrense over Rongøy og Toftøy i Øygarden

Kollektivtilbod

Det vert sett opp ekstrabussar frå utvalde stoppestader før og etter ordinær stengetid. Les meir her.

Sundag 24. september er det fellesritt for menn, og denne dagen vert det etablert båtrute mellom Ågotnes og Bergen med avgang etter at ryttarane har passert og retur frå Bergen sundag kveld.

– Vi har stor tru på at dette vert ein folkefest til glede for heile regionen. Samstundes er det viktig at vi alle er innstilte på å tenkja alternativt når det gjeld transport helga 23. og 24. september. Gjer vi det, er eg trygg på at dette skal gå bra, seier Sveinung Nymark som legg til at trafikkavviklingsplanen kan verta justert seinare.

Han minner også om at i heile Sykkel-VM-perioden mellom den 16. og 24. september er det omfattande trafikkregulering i Bergen. Dette vil venteleg få ringverknader for trafikken i nabokommunane. Les meir om dette på nettsida Bergen2017.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Tom Guldbrandsen, Bergen 2017