Heiasoner – Øygarden

Ver med å skapa feststemning på Toftøy og Vik – «Ta på deg bunaden om du har, og kom»!

Invitasjonen kjem frå vikafolket som samlar seg og syner fram strilakulturen på sin originale måte.

Du kan bli med på båttur langs vegen på Vik, for her vert det rigga to båtar med fiskeutstyr langs løypa. Kanskje møter du ei heks på sykkel, og i alle fall vil du finna mange fargerike syklar og bunadskledde vikafolk som deler ut flagg til alle.

Heisonene Vik og Torsvikhuset
er peika ut som to gode samlingsplassar og heiasoner. Bunad eller ikkje – ta med deg flagget og bli med på å heia fram syklistane sørover mot Fjell og Bergen.


 

Pendelhopping på Rongesundsbrua

Vil du ha eit herleg adrenalinkick under Sykkel-VM på sundag 24. september – hiv deg ut i det! Dette er ein  eineståande sjanse for alle dei som ikkje har opplevd pendelhopping før. Vil du vera med, meld deg på! Det er plass til 100 hopparar. «Ekspertane» frå Klyva ser for seg ein herleg entusiastisk gjeng, med norske flagg i handa som heiar fram syklistane under sjølve rittet, klingande kubjeller og gjerne malte ansikt med det norske flagget. Nokre hopparar stiller i bunad, i sykkelklede, eller i fargerike kostyme dei har laga sjølve.

Ta bunaden på deg og ver med, så får du tidenes minnerike oppleving med Sykkel-VM på nært hald, utsikt og natur og eit herleg adrenalinkick!

Billettar: www.Facebook.com/klyva  


Speideraktivitetar ved Nordlavatnet

Under sykkelløpet laurdag og sundag kan du laga din eigen frukost på bålpanne. Speidarane låner ut utstyr som publikum kan gjera seg nytte av. Har du lyst på ein kanotur eller fiska i Nordlavatnet, får du låna fiskestenger og utstyr. Her kan det bli ein aktiv og morosam morgon både for store og små, samtidig som vi heiar fram sykkelaktørane.

Hugs å ta med flagg!

Kart

OBS: Manglar i kartet kan førekomme ved bruk av Microsoft Edge i Windows 10. Det vert tilrådd å bruke ein annan nettlesar. Last siden på nytt hvis feil område vises i kartet.