Kolltveit

Gle deg til ein fantastisk og innhaldsrik dag på Kolltveit!

Sotra Golfklubb og Kolltveit Grendalag ønskjer velkomen til sykkelfest på Kolltveit. På Kolltveit skal vi laga ein familiefest under Sykkel VM.

Laurdag den 23. september kan du spela golf, kasta livline med speidarane, snikra ein båt eller verta malt i ansiktet. Du kan vera med å laga VM-plakat til rittet på sundagen, boltra deg i hoppeslottet eller skyta med luftgevær.

På scenen vert det musikk og tryllekunst. I kafeen kan du slappa av og kosa deg med mykje godt.

Sundag 24. september kjem elevane frå skulane for å få med seg rittet. Det vert mykje underhaldning frå scenen ved elevane, Sykkel-VM-maskoten Apa og Anna og Vilde.

Kolltveit Blå kors speidargruppe, Ekerhovd FA speidargruppe og MOT i Fjell skal ha Sykkel-VMcamp på Speidarplassen i Kolltveitmarka frå fredag 22. september til sundag 24. september. Les meir om speidarleiren her.

Det vert parkering på drivingrange til Sotra Golfklubb.

Velkomen til sykkelfest på Kolltveit!

Program laurdag 23. september

08.30
Salstelt opnar og publikum finn plassen sin langs løypa.
09.30
Rittet startar – framvising på storskjerm
10.00
Aktivitetsområdet opnar etter at syklistane har passert.
Det vert ansiktsmaling, snikkarverkstad, teikning av VM-plakatar,luftgeværskyting, golf, kafè og dans ved Absence Crew.
10.45
Framføring av Let´s Go for a Ride v/ Andreas Pareli og Ole Petter Knarvik frå Absence Crew.
10.50
Trolldans framført av elevar frå kulturskulane Fjell og Øygarden sine dans- og dramagrupper.
Idè og koreografi av: Anett O. Skansen (dramalærar) og Claudia Micheli (danselærar).
11.00
Program på scenen; Martin Engelsen framfører VM-songen, Ida Marie Stiegler og klovnen Andini tryllar.
14.00
Avslutning.
17.00
Golfturnering.
21.00
Dans i VM-teltet.

Program sundag 24. september

09.00
Området/salstelt /kafè opnar for publikum.
10.05
Rittet startar – framvising på storskjerm
10.45
Program på scenen. Musikk av DJ Haganes, Kolltveit skule underheld, Anna og Vilde frå MGP junior og Sykkel-VM -maskoten Apa frå Vennebyen.

Billedgalleri

Kart

OBS: Manglar i kartet kan førekomme ved bruk av Microsoft Edge i Windows 10. Det vert tilrådd å bruke ein annan nettlesar. Last siden på nytt hvis feil område vises i kartet.

Arrangementskomité for fansone Kolltveit