Langs løypa – Ein gong i livet!

Sykkel-VM i Fjell og Øygarden får du nok berre oppleva ein gong i livet. Tenk å få vera med å heia fram nokre av verdas største idrettsutøvarar! No kan du sjå dei i aksjon, få ein autograf og kanskje ein snapchat med utøvaren og deg?

Race to celebrate

Ja, dette må feirast! Her må vi som bur i Fjell og Øygarden samla alle gode krefter og skapa ein folkefest og eit meisterskap som byggjer på det beste av det norsk idrett står for. Lat oss syna for all verda at kommunane i vest kan oppfylla visjonen om å arrangera eit spektakulært, inspirerande og populært Sykkel-VM 2017. Slik er vi med på å styrkja norsk sykkelsport generelt og sykkelsporten på Vestlandet spesielt.

Galskap langs løypa

Både ryttarar og TV- sjåarar set stor pris på at det er folkeliv langs løypa. Vi håpar at DU har lyst til å vera med å skapa liv i Øygarden og Fjell.

Folkeliv

For å skilja oss ut og spela på noko av det som vert assosiert med Øygarden og Fjell, oppmodar vi folk til å vera kreative og presentera kommunane sin identitet her vest på ein oppfinnsam måte. Finn fram skapargleda og still opp langs løypa med alle slags påfunn! Tips til uttrykk kan vera gjennom kunst eller musikk. Ablegøyer og morosame påfunn er alltid populært, og gløym ikkje sykkelen! Syklar i alle fansoner og fargar langs løypa må til!

Ver kreativ og finn ditt uttrykk! Kle deg ut, finn fram bunaden, ta med deg flagget og skap 17. mai-stemning langs løypa!

Billedgalleri