Rong

Gled deg til ein fantastisk og innholdsrik dag på Rong!

Både laurdag og sundag startar syklistane med innskriving som deltakar i Sykkel-VM på den berømte glassveggen. Her får du høve til å koma tett på og få autografar og «selfi» saman med verdseliten i sykkelsporten.

Kulinarisk oppleving

Du kan stå over frukosten heime desse dagane og kjøpa ei kulinarisk oppleving til både frukost og middag i det store matteltet som vert rigga opp av Biologen frå Herdla. Menyen byr mellom anna på Steam bun med pulled pork, laks og auretburger, Sushibrett, Wraps med røykjelaks eller fiskesuppe. Sundag morgon kjem i tillegg meisterkokken Ørjan Johannesen frå Austevoll. Gå ikkje glipp av verdas beste kokk!

Kulturprogram

Eit stort og omfattande kulturprogram presenterer lokale og kjente artistar. Om kvelden vert det arrangert stor MOT-konsert for heile regionen, med ekstra overraskingar og eit variert program, mellom anna sykkelshow med Eirik Ulltang, den einaste profesjonelle trialsyklisten i Noreg. For meir informasjon sjå www.sykkelshow.no Vennebyen kjem til glede for dei aller minste.

Marknadsgata på Rong byr på morosame aktivitetar for små og store, lokal mat og handverk. Følg sykkelløpet på storskjerm Det vert sett opp tre storskjermar der du kan følgja sykkelløpa heilt til målgang i Bergen. I tillegg får du glimt av kva som skjer frå dei andre heiasonene og kva som skjer i Bergen.

Velkomen til VM-festen i Øygarden 2017!

Program laurdag 23. september

08.00
Oppstart DJ-Mørner. Marknadsgate opnar. Offisielt program m/innskriving av syklistane på scenen
09.30
Start menn junior. Vi heiar!
10.00
Vennebyen
11.00
Underhaldning med Gospel Teens, Isabel Park, DJ-Mørner,  Vestlandet, Mussie og Noh og elevar frå skulane, sykkelshow med profesjonell trialsyklist EirikUlltang.

15.00
Dagprogram slutt frå scenen. Marknadsgate vert lukka.
19.00- VM-fest 2017, slutt kl. 22.00:
Marknadsgate opnar. DJ-Mørner, Vanja v, Isabel Park, Kløver & SkarreR, MOT-med lokale artistar, Gospelteens, Sykkelshow med Eirik Ulltang. Overraskingar!

Biblioteket er ope kl. 11.00 – 15.00 og alle butikkane er opne kl. 08.00 – 17.00 begge dager.

Program sundag 24. september

09.00
Oppstart DJ-Mørner. Marknadsgate opnar.
Offisielt program m/innskriving av syklistane på scenen.
10.05
Start menn elite. Vi heiar!
11.00
Show med Vennebyen.
12.00
Absence Crew med eige show og Øygarden sin brudans.
Bli med alle saman!
12.35
Minikonsert lokale artistar, DJ Mørner, Frida Amundsen, Rong Brass, Vestlandet, elevar frå skulane. MOT-konsert
og kulturskuleprogram og sykkelshow med profesjonell trialsyklist Erik Ulltang.
Trolldans framført av elevar frå kulturskulane Fjell og Øygarden sine dans- og dramagrupper. Idè og koreografi av: Anett O. Skansen (dramalærar) og Claudia Micheli (danselærar).

16.00
Programslutt frå scenen. Visning på storskjerm av målgang menn elite.

Biblioteket er ope kl. 11.00 – 15.00 og alle butikkane er opne kl. 08.00 – 17.00 begge dager.

Billedgalleri

Heiasonar

Vi ønskjer å gjera Sykkel-VM i regionen til ein folkefest der alle aldersgrupper kan delta og bidra.

Langs løypenettet frå Rong Senter er det peikt ut ulike soner som vil vera ideell å samlast på for å skapa liv langs vegen til rittet. Desse sonene er:

  • Torsvikhuset
  • Nordlavatnet
  • Brua ved Vik
  • Svelgen Bru

Kart

OBS: Manglar i kartet kan førekomme ved bruk av Microsoft Edge i Windows 10. Det vert tilrådd å bruke ein annan nettlesar. Last siden på nytt hvis feil område vises i kartet.

Arrangementskomitè for fansone Rong Senter