Straume-Sotra Kystby

På og rundt Sartor Storsenter vert det folkefest og ellevill stemning desse to dagane.

Frå morgongry vert det konsertar og aktivitetar på Sotraplassen, utanfor Sartor. Tony og Kjellemann frå P5 skal vera konferansierer og lovar at energien skal nå eit klimaks i det syklistane passerer senteret!

Apa, Anna og Vilde frå MGP. junior og Absence Crew kjem, og det vert ein konkurranse der vi gjev bort ein bil i eitt år (verdi kr. 100.000,-)! Nyt frukosten på Sartor medan du høyrer musikalske innslag med lokale artistar.

Serveringsstadene, matbutikkane og lokalmataktørar skal diska opp med nydelege frukostmenyar inne på senteret og ute i publikumsområdet. Vi set opp skjermar både ute og inne slik at du kan følgja syklistene heilt til målgang. Det vert aktivitetar for barn med hoppeslott og leikar heile dagen. Ta med det norske flagget og vèr med på festen!

Følg Sartor Storsenter på Facebook og hald deg oppdatert på alt som skjer!

Program laurdag 23. september

08.00
Tony og Kjellemann frå P5 ønskjer velkomen til folkefest og deler ut hundrevis av gåvekort frå serveringsstadene på Sartor Storsenter.
Vi skal halda ein sykkel i gang fram til kl. 12.00.
Det vert underhaldning fram til fellesstart, bl.a. Fjell Brass, Andreas Pareli og Absence Crew, Tony og Kjellemann og vikingar.
08.50
Framføring av Let´s Go for a Ride v/ Andreas Pareli og Ole Petter Knarvik frå Absence Crew.
09.30
Fellesstart Menn Junior – vi følgjer løpet på storskjermane.
Syklistane passerer. Vi heiar!
Underhaldning, konkurransar og artistar fram til kl. 12.00. Her kjem mellom anna Martin Engelsen, APA, Kristoffer Fleten, Ida Marie Stiegler, Ingvill Spilde og Aniston Mariyampiallai.
12.00
Familieaktivitetar på Sotraplassen. Vikingmarknaden er ope til kl. 18.00.

Opningstid Sartor Storsenter laurdag 23. september: kl. 08.00 – 18.00

Program sundag 24. september

09.00
Tony og Kjellemann frå P5 ønskjer velkomen til folkefest og deler ut hundrevis av gåvekort frå serveringsstadene på Sartor Storsenter.
09.45
Framføring av Let´s Go for a Ride v/ Andreas Pareli og Ole Petter Knarvik frå Absence Crew.
Vi skal halda ein sykkel i gang fram til kl. 13.
Underhaldning med Anna og Vilde frå MGP junior, Andreas Pareli og Absence Crew og vikingane kjem!
10.05
Fellesstart Menn Elite – vi følgjer løpet på storskjermane
Syklistene passerer. Vi heiar!
Underhaldning, konkurransar og artistar fram til kl. 13.00.
13.00
Gudsteneste frå scenen
13.30
Programslutt på scenen. Familieaktivitetar på Sotraplassen og Vikingmarknad fortsett heilt fram til kl. 18.00.

Opningstid Sartor Storsenter sundag 24. september: kl. 09.00 – 18.00 (sundagsope)

 

Billedgalleri

Kart

OBS: Manglar i kartet kan førekomme ved bruk av Microsoft Edge i Windows 10. Det vert tilrådd å bruke ein annan nettlesar. Last siden på nytt hvis feil område vises i kartet.

Arrangementskomité for fansone Straume – Sotra Kystby