Vikingmarknad

Kom og opplev vikingmarknaden ved Sartor Storsenter. Det vert fullt liv og røre med mange aktivitetar og sal av flotte handverksprodukt. Du kan vera med på verdsrekordforsøk i flest utkledde vikingar, og kanskje du får møta ein ekte viking? Men pass deg så du ikkje havnar i gapestokken.

Begge dagane kan du prøva deg på mange ulike aktivitetar. I sverdkamparenaen kan du trena på fekting, og du kan delta i «Det store slaget». Då møtest to hærar til slag på høgda over vikingmarknaden. Du kan også prøva bueskyting og øksekast, og i det store teltet kan du vera med på ulike verkstadaktivitetar og brettspel.

På laurdagen kan du laga di eiga vikingdrakt og vera med på verdsrekordforsøk på sundagen. Og kanskje du vil ha ei vikingtatovering? Det vert sal av mange flotte handverksprodukt; vikingklede, tresverd, glassperler, nålebundne produkt, smykke i sølv og bronse, plantefarga garn, vikingsko og skinnpungar i tillegg til vikingsuppe og drikke.

Hugs å ta med kontantar.

Verdsrekordforsøk

Bli med på verdsrekordforsøk søndag 24. september.

Kle deg historisk og skap historie! Vi forsøker å ta verdsrekord i flest utkledde vikingar på ein stad. Skal vi slå rekorden må vi vere over 250 stykker. Sjølve verdsrekordforsøket blir rundt 11.30, men vi håpar at så mange vikingar som mogleg er med å heie når syklistane passerar litt etter 10.30.

Om du ikkje har ei vikingdrakt liggande kan du lage di eiga vikingdrakt. Du kan hente materialpakke her:

  • Måndag 18. og tysdag 19. september: Fjell rådhus kl. 09.00 – 17.30
  • Onsdag 20. september: Stand i Glassgården, Sartor Storsenter kl. 11.00 -20.00

Materiale til vikingdrakt og symaskiner tilgjengeleg i Fjell folkeboksamling:

  • Torsdag 21. september kl. 15.00 – 19.00
  • Fredag 22. september kl. 11.00 – 16.00
  • Laurdag 23. september kl. 10.00 – 15.00

Her finn du oppskrifter og instruksjonsvideo slik at du kan lage di eiga vikingdrakt.

Kleskrava frå Guinness World Records

  • På hovudet: Hjelm med horn eller tradisjonell krigshjelm eller heimelaga vikinghovudplagg som til dømes ei hette, eller ei form for ull- eller skinnhue.
  • På overkroppen: Lær- eller pelsvest eller brystplater eller kjortel eller selkjole og kappe. Husk primærfarga eller jordfarga bomulls- eller ulltrøye under.
  • På underkroppen: Pelsleggings eller brune reimer/snorer over tights/strømpebukse/stillongs i naturfarge eller primærfarge. Eller vid bukse eventuelt også med snøring nedst. Ein kan også ta enkle stoffstykker eller ei tube ein trer på beina opp til lårhøgde med tvinna reimer/snorer rundt.
  • Valfritt: Plastsverd og øks, eller anna type drakttilbehør er valfritt og ikkje eit krav. Fottøy er heller ikkje eit krav.

Slepp fantasien laus! Ein ser av kriteria at det er mange alternativ og at det ikkje er absolutt autentisitet som tel – jamfør hornhjelmen. Kva med å nytte det gamle saueskinnet du har liggande heime til vest, fleecepleddet  eller den slitte sommarduken til ein form for tunika eller kjortel? Og husk at vikingane likte fargar – raud og blå var særleg populære fargar. Men unngå neon og pastellfargar. Har du langt hår er ei flette heilt på sin plass.

Premiar

Den som er med på verdsrekordforsøket er med i trekninga av flotte premiar.
1. premie – Vikingbursdagspakke for inntil 20 barn med kultureventfirmaet Tidsreiser
2. premie – 5 kinobillettar
3. premie – 5 kinobillettar
+ 6 valfrie premiar frå vikinglaget Fenring (smykker, tresverd, bivokslys  eller nålebundne pulsvarmarar).

Her kjem snart instruksjonsvideoen som viser korleis ein skal gå fram for å lage vikingdrakt basert på materialpakkane vi tilbyr.

Program laurdag 23. september

08.00 – 18.00
Aktivitetar heile dagen, og sal av flotte handverksprodukt.
10.05.
Syklistane passerer vikingleiren. Vi heier på ekte vikingvis!

Program sundag 24. september

09.00 – 18.00
Det vert aktivitetar heile dagen, og sal av handverksprodukt. Vi har fått løyve av Guinnes World Records, og prøver å ta verdsrekorden i flest utkledde vikingar.
10.40.
Syklistane passerer vikingleiren, hei på din favoritt på ekte vikingvis!

Samarbeidspartnarar

Vi er så heldige å ha med oss desse samarbeidspartnarane – alle proffe på vikingtid:

  • Fenring Vikinglag er eit vikinglag som reiser rundt på marknader i Norge. Laget driv med formidling og ivaretek gamle handverksteknikkar. Fenring har base på Askøy, og Fenring er det gamle navnet på Askøy frå 600-talet. Under Sykkel VM set dei opp salgsboder med mellom anna vikingkle, tresverd, glassperler, nålebundne produkt, smykker i sølv og bronse, plantefarga garn, vikingsko og skinnpungar.  Fenring vil også selje vikingsuppe, brus og kaffi. Husk å ta med kontantar eller betalingsgull, dersom du har det.
  • Tidsreiser er eit kulturfirma frå Bergen som jobbar med historieformidling og levande rollespel for både barn og vaksne. Dei skal lage liv og røre i vikingleiren for både små og store. Les meir om Tidsreiser her.
  • Vikingar frå Austevoll slår leir heile helga. Av dei kan du læra mykje om vikingtida, og sjå korleis dei levde. Kanskje får du ein selfie med ein ekte viking!

Vi vil ellers takke Sartor Holding for utlån av eigedom, og Sartor Storsenter for godt samarbeid.

Fotogalleri

Bileta i galleriet er teke av: Team Foto Bergen.

Kart

OBS: Manglar i kartet kan førekomme ved bruk av Microsoft Edge i Windows 10. Det vert tilrådd å bruke ein annan nettlesar. Last siden på nytt hvis feil område vises i kartet.