Bli frivillig

For regionen vår er det særleg viktig å merka seg datoane 23. – 24. september 2017. Då vert det to Sykkel-VM-ritt i regionen vår med start i Øygarden. Ritta går vidare gjennom Fjell før dei vert avslutta i Bergen. Ritta i vår region er Fellesstart menn junior og Fellesstart menn elite.

Saman med arrangementa i Bergen og på Askøy vert dette det største sommaridrettsarrangementet som nokonsinne har vore gjennomført i Noreg. For å kunna skapa eit fantastisk arrangement, trengs det mange frivillige. Dette vert ei sjeldan oppleving, og du kan spela ei avgjerande rolle ved å melda deg som frivillig. Sykkel-VM på landeveg er eitt av verdas aller største idrettsarrangement. Meisterskapen har ei stor medieinteresse, og meir enn 300 millionar personar vil følgja arrangementet på TV.

Vi treng frivillige til å utføra oppgåver i samband med opp- og nedrigging, sal av mat o.l., underhaldning i fansonene og langs løypa, vakter langs løypa og andre ting. Dersom du kan tenkja deg å vera frivillig under Sykkel-VM, kan du nytta kontaktskjemaet under.

Bergen 2017 Kontaktskjema for Sykkel i Vest