Trafikkavvikling

Det vert gjennomført to ritt i regionen vår. Laurdag den 23. september er det fellesritt for junior menn med start klokka 09.30, medan start for fellesritt menn senior startar sundag den 24. september klokka 10.05. Begge ritta startar på Rong i Øygarden. Løypa går vidare gjennom Fjell med avslutning i Bergen sentrum.

Det vert store endringar i kollektivtrafikken i samband med Sykkel-VM.
nettsida til Skyss finn du informasjon om kollektivtilbudet dagane før,
under og etter Sykkel-VM.

I perioden 14. til 25. september startar og endar bussar til/frå Bergen sentrum på Bergen busstasjon. Sykkel-VM får i hovudsak konsekvensar for Sotra og Øygarden 23. og 24. september. Det vert sett inn eigne bussar (Shuttlebuss) mellom Straume terminal og Bergen sentrum 16. – 24. september. Det vert i tillegg sett inn eigne shuttlebussar i Øygarden langs VM løypa 23. – 24. sept. Les meir.

Det er utarbeidd trafikkavviklingsplan med vekt på korleis trafikken skal avviklast dei to dagane det går ritt i Øygarden og Fjell.


Omlegging av trafikken er nødvendig

For å få gjennomført sykkelritta, må nokre vegar stengjast. Andre stader må trafikken leggjast om. Dette er nødvendig for at utrykkingskøyretøy kjem fram utan hinder. Vi oppmodar deg til å nytta kollektivtransport, sykla eller gå dei to siste dagane av VM-veka. Ved å la bilen stå, vil vi redusera faren for kø, sikra beredskap og gode forhold for naudetatane.


Kollektivtilbod

Det vert store endringar i kollektivtrafikken i samband med Sykkel-VM.
På nettsida www.skyss.no finn du informasjon om kollektivtilbudet dagane før under og etter Sykkel-VM.


Løypetrasé Øygarden og Fjell (23. og 24. september)

Rong (start), Ågotnes, Kolltveit (fv 561), Kolltveit (fv 555), Straume, Sartor Storsenter, Knarrvika, Sotrabrua, Bergen sentrum.


Regulerte vegar

  • Bildøyvegen (kv 1292):
    Open for interntrafikk, men stengd innkøyring v/Sartor Storsenter og Bildøyosen i ordinær stengetid.
  • Vestsidevegen (Ågotnes-Møvika, fv 210):
    Open for interntrafikk, men stengd for innkøyring ved Ågotnes og Møvika i ordinær stengetid.
  • Trafikantar som bur på eller i Hjelteryggen, Valen, Arefjord, Foldnes, Straume, Brattholmen og Ebbesvika kan ikkje køyra ut av desse områda i ordinær stengetid
  • Utrykkingskøyretøy kan nytta vegane.
  • Tidsavgrensa redusert fartsgrense over Rongøy og Toftøy i Øygarden

Grunnen til at Bildøyvegen og Vestsidevegen vert regulerte er at desse vegane har for liten kapasitét til å sikra framkomst for naudetatane. I ordinær stengetid vert det ikkje mogleg å køyra inn i desse vegane.


Stengt veg

Ordinær stengetid veg:

  • Laurdag 23. september: Inntil tre timar frå kl. 08.45.
  • Sundag 24. september: Inntil tre timar frå kl. 09.15.

NB! Etter at informasjonsblad om Sykkel-VM gjekk i trykken, kom det melding om at start stengetid veg vert justert til 08.45 laurdag og 09.15 sundag.

Stengd veg

  • Heile løypetraséen vert stengd i ordinær stengetid (tre timar). I Øygarden vert vegen opna rett etter rittet har gått på laurdag og sundag.
  • Vegen sør for rundkøyring på Kolltveit (fv 555) fram til Blommen (avkøyring mot Bildøyna) er stengd i ordinær stengetid.

Last ned kart (PDF)


Arrangementsområde

  • Rong Senter:
    Parkering nord for Rong og busstransport fram til Rong Senter. Det vert også parkering Sør for Rong Senter og busstransport fram til Rong Senter.
  • Ågotnes:
    Merk at fv 561 og fv 210 (Vestsidevegen) er stengde i tre timar i samband med ritta.
  • Kolltveit:
    Det er ikkje mogleg å parkera i området ved rundkøyringa.
  • Sartor Storsenter:
    Grønamyrsvegen vert opna etter at ryttarane har passert.


Skilting

  • Stor P viser moglege parkeringsplassar.
  • Vakter vil visa til parkeringsplassar.
  • Mogleg interntrafikk vert skilta.
  • Publikumsmottak ved Svelgen bru i Øygarden; parkeringsguidar for privatbil og bubil.

Båtrute

Sundag 24. september er det båtrute mellom Ågotnes og Bergen. Det vert fleire avgangar frå Ågotnes etter at ryttarane har passert og retur frå Bergen sundag kveld.

Sjå rutetabell her.


Ekstra kollektivtilbod i regi av Fjell og Øygarden

  • Det går ekstrabussar frå utvalde stoppestader før og etter stengetid (Fjell).
  • Det vert ekstrabussar til arrangementsområdet på Rong Senter og heiasonene Vik, Nordlavatnet, Torsvikhuset – Øygarden.
  • Det er også ekstraruter til arrangementsområda (Ågotnes, Kolltveit og Straume) om morgonen.
    Desse er merka med Fjell kommune VM-buss, ingen overgang til andre bussar.

Kollektivtransport vert prioritert den første tida etter at ryttarane har passert. Rutebussar (Skyss) går som normalt. Ruter i stengeperioden vert utsette til ryttarane har passert. Det går ekstrabussar t/r Straume – Bergen sentrum etter at ryttarane har passert. Les meir på www.skyss.no.

NB! Vi gjer merksam på at det kan verta endringar i trafikkavviklinga i samband med Sykkel-VM.

Generelt minner vi om at det vert ei ekstraordnær trafikkavvikling for Bergen/bergensområdet under heile arrangementet i tida 16. til 24. september. På nettsida til Sykkel-VM, www.bergen2017.no finn du meir informasjon om dette.


Legevakt

Legevakta vert tilgjengeleg til ei kvar tid. Dei som ringjer tlf. 116117, får informasjon om korleis dei kjem seg til legevakta. Er du gravid og har termin den tida Sykkel-VM vert arrangert, har vi nokre råd til deg:

  • www.helse-bergen.no finn du lenkje til Kvinneklinikken (KK). Du ringjer KK som normalt og melder deg. Her vil du få ein SMS som gjev deg tilgang gjennom sperringar.
  • www.bergen2017.no/ trafikkavvikling finn du kart dag for dag om kva vegar som er stengde. Gjer deg kjent med dette.
  • Det er viktig å rekna ekstra god tid på transport disse dagane. Om du har spørsmål i forkant av Sykkel-VM, kan du senda e-post til legevakt@fjell.kommune.no

Oppstår det akutte behov ved fødsel, ring 113.


Motorhome

Her is motorhome booking platform.


Informasjonskart

Last ned kart (PDF)

Les meir om trafikkavvikling på nettsida til Bergen2017.