Vil du underhalde?

Sykkel-VM skal bli ein folkefest her i regionen og vi ønskjer at alle aldersgrupper skal kunne delta. Det blir fire fansonar langs løypa – Rong, Ågotnes, Kolltveit og Straume. I tillegg ønskjer vi at innbyggjarane er med og lagar liv og røre langs heile løypa.  Dersom du har nokre tankar og idear, vil vi gjerne høyre frå deg. Du kan nytta kontaktskjemaet under.

På Rong senter vert det lagt opp til kulturprogram og underhaldning både 23. og 24. september. Om du ønskjer å bidra, tar du direkte kontakt med Frivilligsentralen i Øygarden; 904 15 771 Henrik.angermund@oygarden.frivilligsentral.no, så ser vi kva vi får til. Vi ønskjer også mykje aktivitet langs løypenettet i Øygarden.

Lokal arrangementskomité i Øygarden har møte 8. mars kl. 18-20.30. Her ønskjer vi alle med gnist og glød velkomen til å bidra med å planleggja aktivitet. Med stort pågangsmot og glødande entusiasme skal vi saman skapa eit sydande liv langs løypa.

Kontaktskjema for Sykkel i Vest