Sykkeldag på Rong skule

Sprudlande og glade elevar koste seg med å læra om vedlikehald av sykkelen sin på den store sykkeldagen på Rong skule på onsdag.  Her lærte dei å avfeitta sykkelen, olje den, skjekka kjede og bremse, og sjekka lufta i hjula.  Å vaska sykkelen var ekstra gøy, tykte Hannah og Markus. Takke være pappa Tor Gunnar Marcussen, som denne dagen jobba frivillig for elevane, vart dette ein kjempemorosam kunnskapsstasjon. Tor Gunnar har sjølv ein elev i 7. klasse og hadde med seg alt utstyret som trengs til å vedlikehalda syklar. Han skrytte over kor flink elevane var til å læra seg å ta vare på sykkelen sin.

Pappa Tor Gunnar Marcussen
Markus og Hannah

Skulen hadde laga til fire stasjonar som elevane gruppevis veksla på.  Forutan vaskestasjonen, var det leike – og stafettstasjonen. Dette var Trine (12) sin favoritt, ved sida av vaskestasjonen. Trine var opptatt av trafikktryggleik og fortalde at ein må vera varsam i trafikken, sjå etter om det kjem bilar og gå av sykkelen når ein skal gå over gangfelt.
Hinderløypa var krevjande og  det var ikkje alltid like lett å forsera dei forskjellige hindera som var laga til. Disiplinen og respekten for den som skulle ut å prøva seg var upåklageleg. Elevane  venta på sin tur med ro i rekkene for ikkje å uroa konsentrasjonen for den som stod for tur.

Liten hinderløype
Trine på veg mot mål

Trafikksikringsgruppa fekk dra på ein lengre tur med forskjellige utfordringar, mellom anna drog dei til  Ormhillaren, fortalde lærar Alette Kleppestø.. Men undervegs var det undervisning om korleis ein skal føra seg i trafikken, ein om gongen fekk øva seg på å sjekka at vegen var klar før ein fekk lov til å ferdast ute på trafikkert veg. Då var dei klar til å måla krefter og kosa seg i det fine vårværet!

Hibo frå Somalia
Hinderløypa på Rong skule