Sykkelfest på Askøy

Askøy var festkledd då det var invitert til sykkelfest på den første konkurransedagen i Sykkel-VM. Det var ikkje berre dei bunadskledde på Askøybrua som inviterte til fest. Mange tusen hadde funne vegen til løypetraséen i strålande vér.

Mange var samla til sykkelfest på Kleppestø.

Vi møtte ikkje på eit einaste surt ansikt på Askøy i dag. «Alle» ville vera med på sykkelfesten. Askøy-ordførar Terje Mathiassen smilte frå øyra til øyra heile dagen.

I Florvåg fekk publikum sjå kor dramatisk det var under det store sjøslaget som vart utkjempa i 1194. Det var Kong Sverre som kjempa mot «Øyskjeggene». Kong Sverre vann slaget.

Det var uvanleg stor oppslutnad under starten på Ravnanger, og Dag Otto Lauritsen og hans folk fann ikkje ord på kor stor folkefest dette var. På Kleppestø var tusenvis samla i det nydelege véret for å få med seg lagtempo for kvinner og menn. Lagtempo er eit publikumsvennleg ritt der det jamnt og trutt passerte ryttarar i ein og ein halv time til saman.

Støttespelarane til Kristoffer Skjerping reiste med Vestgar til Bergen sentrum etter at dei hadde heia på laget hans på Kleppestø.

Mellom lagtempo for kvinner og lagtempo for menn kunne folk i eit par timar nyta underhaldning frå scena, følgja med på TV-sendinga på storskjerm, kjøpa seg mat og drikke og ta ein prat med vener og kjente.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er nokre inntrykk frå Florvåg og Kleppestø i dag:

Team Joker Icopal passerer Kleppestø.