Sykkelprosjekt for 4.klasse – Blomvåg skule

Blomvåg skule har gjennomført undervisninga med sykkelaktivitetar i fokus.
Prosjektet starta på måndagen med teoretisk innføring i tema om sykkelbruk og sykkel-VM.

Tysdag var det  sykkelorientering rundt omkring i Blomvågen. Elevane vart inndelt i grupper og orienterte seg fram med kart og måtte løysa oppgåver på kvar post. Oppgåvene handla om kva som er viktig å hugsa på når ein skal arrangera eit sykkelritt, og dei laga heiarop. Dei førebudde seg til temporitt dagen etter, og sykla løypa samtidig som dei vurderte tryggleiken og utsette stader i løypa.

Onsdag kom idrettsdirektøren i Bergen kommune, Rune Titlestad, og var med på sykkelritt. Ulike rollar vart delt ut med ansvar for å prøva seg som ryttarar, arrangør medansvar for tryggleik, tidtaking og heiagjeng. Alle  meistra alle oppgåvene med stor iver og begeistring!  Stor stas var det då idrettsdirektøren delte ut flotte premiar til ein sliten, men glad 4. klasse!

Torsdag kom regnet – men ingen brydde seg om det! Temaet «Sykkel som eit framkomstmiddel» førte klassen til Knarvik. Så var det å ta  beina fatt mot Planteskogen. Der var det frileik, sporløp og trerettars middag. Ingen klaga, sjølv om mange vart våte. I planteskogen merka ingen at vinden
auka på, men dei fekk god medvind på sykkelturen tilbake til skulen.

Fredag var det testing av puls og pust og temaet var sykkelen som treningsverkty. Det vart intervalltrening med ulik intensitet og ulikt tempo. Mange hadde trong for hjelp til å justera setehøgda, sjekka bremser og opplæring i giring. Påminning om bruk av hjelm og refleks stod og på dagsorden.
Glade og stolte elevar og lærarar var kjempenøgde med ei lærerik og aktiv sykkelveke. Elevane har vist stor framgang i å handtera sykkelen, og synt mykje sykkelglede. Og kontaktlærar Belinda H. Tomic vonar at ho får sjå fleire elevar som syklar til skulen etter denne innhaldsrike veka.