Sykle til jobben: Konkurransen der alle er stjerner!

Sykle til jobben-aksjonen vart rulla i gang 19.april og i år heiar vi på alle våre kvardagsmosjonistar og kvardagssyklistar! Hos oss er alle stjerner!

Alle kan vera med på Sykle til jobben-aksjonen og ALL aktivitet kan registrerast! Frå 19. april og fram til og med 17. juni kan du konkurrera saman med fleire tusen andre om å samla aktivitetspoeng i kampen om mange flotte premiar! Her er det ikkje om å gjere å ha flest poeng, men å ha nok. Klarar du poengkrava undervegs kan du vinna flotte reiser i Norge med overnatting hos Scandic Hotels, knalltøffe syklar frå Merida, pulsklokker frå Polar, trening- og fritidsklede frå Craft og mykje, mykje meir! Og hugs at Askøy og Os påstår at dei skal grusa oss i denne konkurransen..!

Les meir om andre kampanjar i Fjell, Sund og Øygarden.

Deltaking

Du kan delta aleine eller på lag med opptil fem personer. Aktiviteten din registrerar du enkelt via nettsida www.sykletiljobben.no eller via appane Strava og Endomondo. Og ja, ALL aktivitet gjev poeng, også andre ting enn sykling og på andre tidspunkt enn til og frå jobb.

Det beste av alt; Fjell kommune spanderer deltaking på alle innbyggarane i kommunen frå 15 år og oppover, og alle som jobbar i ei bedrift lokalisert i kommunen. Er ikkje det flott?

Påmeldinga er allereie godt i gang, så bli med på Fjell sitt lag du også.
Meld deg på her!

Fotogalleri