– Thor Hushovd er min favoritt

Nora Krohn i femte klasse på Hjelteryggen skule er ikkje i tvil om kven som er hennar sykkelfavoritt.

Nore Krohn er klar både for sykkelopplæring og Sykkel-VM i september.

– Eg synest Thor Hushovd er flinkast, seier Nora.

Saman med dei 26 andre femteklassingane var det i dag klart for praktisk sykkelopplæring på skuleplassen på Hjelteryggen skule. Gymnastikklærar Sturle Berntsen instruerer dei som skal over eit hinder samansett av ein stor planke vippa over ei stor brusflaske.

– Ikkje bruk for liten fart! Neste gong trør du til! Det er bra, du klarte det! Hugs å bruka handa for å visa kva retning du skal! seier Sturle og kombinerer rettleiinga med positive tilbakemeldingar til dei ivrige elevane. Det vert også gjeve opplæring i korleis sykkelen skal utstyrast med lys, bremsar, lykt og ringeklokke. Gymnastikklæraren passar også på at alle brukar hjelm.

Hinderet med planke over brusflaske krev konsentrasjon.

 

Vil gjerne sjå på sykkelheltane

Nora er ikkje heilt klar over at den 23. og 24. september syklar dei store sykkelkjendisane rett forbi heimane våre her i Fjell og Øygarden.

– Skal du sjå på Sykkel-VM?

– Eg veit ikkje.

– Men verdas beste syklistar skal sykla rett forbi her i september?

– Åhh. Då skal eg sjå på dei dersom eg er heime den helga, seier Nora Krohn.

Hjelteryggen skule gjennomfører sykkelopplæringa kvar vår. Skulen tek utgangspunkt i opplegget til Trygg Trafikk, og etter teorien i februar og mars er det klart for praktisk øving gjennom ei definert løype på skuleplassen.

– Dette er knytt opp mot kompetansemåla i læreplanen. Og i Sykkel-VM-året trur eg sykkelinteressa vil auka. Det er ikkje avklart kva omfang Hjelteryggen skule skal involvera seg i arrangementa lokalt den 23. og 24. september, seier rektor Pål Stian Pedersen. Både i Fjell og Øygarden vert det gjennomført ei rekkje arrangement desse to dagane.

Her er fleire bilete frå sykkelopplæringa på Hjelteryggen skule