Prøv ein sykkeltur på Fedje i sommar, anbefaler Evy og Steinar Hellesund. Dei to spreke pensjonistane frå Øygarden vart med «Øyrosa» då ruta mellom Hellesøy og Fedje opna for to veker sidan. Du får ei ein fantastisk flott båttur kombinert med sykkeltur når du kjem fram.

Evy og Steinar klar for tur til Fedje
Ei vakker sjøreise til Fedje

Fedje er ikkje så stor, om lag 7,8 kvadratkilometer, og den vestlegaste kommunen i landet med om lag 560 innbyggjarar. Hovudøya er omkransa av 125 større og mindre øyar. Så det tek ikkje lange tida å bli kjent på den vesle øya.

Den vesle landsbyen i havet, Fedje

Steinar fortel at det er mange stikkvegar som fører til fine Naustmiljø, til utsiktspunkt mot havet, som til dømes Vinappen. Turen sør til Hellisøy fyr har eit vakker landskap med eit par gardsbruk og nydelig utsikt til Fedjefjorden. Du passerer badeplassen I Husavatnet og  ein kan gjerne ta ein stopp og gå ein liten tur i Nordsjøløypa.

Frå Vestsida

Ved Hellisøy fyr er det vakkert å rasta. Diverre kjem ein seg ikkje over til fyret utan båt.  Men fyret er ein turistattraksjon som tilbyr overnatting i sommarsesongen. Hellisøy fyr var i drift frå 1855 til 1992.

Hellisøy fyr

I sentrum av Fedje er det morosamt å prøve den vesle kabelferja og stikke innom Pernille kafe der ein kan få servert fiskesuppe. Kyrkja ligg midt i bygda. Den vart vigsla i 1941 og er open for besøkande om sommaren. Det er ein fin spasertur opp til Losstasjonen/ Trafikksentralen, som har flott utsikt ut over Fedje og havet. På landhandelen får ein informasjon om det meste for å finna fram på Fedje, samt bestilla den einaste drosjen som finnes på øya!

Pernille Kafe

Evy og Steinar vart svært begeistra for turen på Fedje. Om øya ikkje er så stor, er det fint å sykla der, for landskapet er litt kupert noko som gjev litt utfordringar for ein trimmar. Ekteparet har planar om nye turar i sommar, både aleine og saman med vener og familie.

Korleis kome dit

Øygarden har sykkel -og gangsti frå sør i kommunen og store deler av vegen nordover fram til Sture. Kjem ein med buss frå Bergen, kan ein fint kombinera turen med ein stopp på Kystmuseet i Oen, ca 13 km sør for Hellesøy, få ein kopp kaffi og vaffel der for så å ta siste etappe på sykkelen til Hellesøy og båten over til Fedje. Ynskjer ein å oppleva Nordhordland, er det ferje vidare frå Fedje og buss tilbake til Bergen.

Eigen brosjyre

Båten mellom Hellesøy og Fedje går onsdag og laurdag fram til medio august. Meir informasjon og rutetider finn du i brosjyren.

God tur!

Fleire bilete

Trafikksentralen
Kabelferja
Ankomst Fedje
Klar for sykkeltur på Fedje
Mot Nordhordland
Gamle kjente møtes
Buss 479 frå Bergen
Heile Øygarden på hjul

Alle foto Sjur Meling