Unge talent med ambisjonar

Det manglar ikkje på tru på framtida når vi møter unge sykkeltalent i Cykleklubben Sotra og toppsyklist Kristoffer Skjerping i ei treningsøkt eit par månader før Sykkel-VM.

Simen Paulsen, Johannes Knappskog, Øyvind Fjeldstad, Kristoffer Skjerping og Frode Erstad

CK Sotra har i dag om lag 200 medlemmer frå Sotra, Øygarden og Bergen vest. Sykkelgruppa har ei aldersbestemt gruppe fra 10 til 15 år, junior- og seniorgruppe. På toppen av dette er mange veteraner engasjert i sykkelsporten.

Medan Kristoffer Skjerping (24) kjempar om plass på VM-laget i september, må dei litt yngre tolmodig leggja ned mange treningstimar før dei kan ha håp om å eta kirsebær med dei store.

Øyvind Fjeldstad (14) frå Tjeldstø, Johannes Knappskog (15) frå Kolltveit og Simen Paulsen (18) frå Foldnes drøymer om å sykla i dei store ritta.  Sjå video her:

Video: Kjell Andersland
Redigering: Fredrik von der Ohe, Vigleik Brekke