Velkomen til Sykkel-VM!

Når du ser og lyttar til musikkvideoen nedanfor, skuldar vi straks å gjera merksam på at det IKKJE er kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, som syng.

Men kultursjefen ønskjer oss alle velkomen til sykkelfest i september, ikkje minst dei to rittdagane her vest, 23. og 24. september. Med Sotrabrua som bakgrunn, listar Lennart Fjell opp mange grunnar til at du bør vera med på denne folkefesten.

For å fjerna all tvil; Det er Martin Engelsen som framfører «Skjergardsvegen» på videoen. Her vest er det laga tre Sykkel-VM-songar. I tillegg til Martin Engelsen har Geir Barsnes laga VM-song saman med barn. Det same har Andreas Pareli.

Her kan du lytta til alle dei tre VM-songane.