Vinnar av fotokonkurransen veke 30

Denne vesle, iherdige syklisten som øver seg i Blomvåg i Øygarden kommune, sjarmerte juryen til å bli vekas vinnar av fotokonkurransen i veke 30.

Vinnaren er Rune Titlestad.
Han får ei Sykkel – VM drikkeflaske i premie!

Biletet var utan tittel, men samla kom juryen fram til følgjande forslag til tittel: «Sykkel for liten – men berre vent til eg blir stor» !

Juryen for denne veka var tilsette i Stabsavdelinga i Øygarden kommune: Torill Nakken Hellesund, Arkiv, Oddny Veiberg, Personalavdelinga og Berit Svellingen, Arkiv.

Vi takkar for innkomne bidrag, og hugs; allerede innkomne bilete frå veke 29 og 30, er med i den vidare konkurransen.

Ver med i konkurransen:
Vi  tek med glede imot fleire bilete i veka som kjem, les meir om konkurransereglane og send inn bileta til mailto:sykkelivest@oygarden.kommune.no eller merk ditt bilete med #sykkelivest på Instagram for å delta i konkurransen.

Vi gratulerer Rune Titlestad med vekas bilete!

Vinnaren i veke 29:
Belinda Tomic med biletet «Sykkel i havgapet.»

Sykkel i havgapet – fotograf Belinda Hellesund Tomic