Vinnar av fotokonkurransen – veke 31

Lykke til alle mann

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein viktig bodskap» – sa juryen, då dei kåra vinnaren av fotokonkurranse i veke 31.

Vinnaren er Arne Petter Solberg, som får ei Sykkel – VM drikkeflaske i premie.

Kvaliteten på biletet er ikkje særleg bra, meinte juryen, men bodskapen er viktig å formidla no fram mot Sykkel-VM –  arrangementet i Øygarden den 23. og 24. september! » Lykke til alle mann»!
Juryen for denne veka var Jarl Martin Hestad, Teknisk drift og service og Egil Robert Johansen, Økonomiavdelinga.

Vi takkar for innkomne bidrag, og hugs; allerede innkomne bilete frå veke 29 og 30 og 31, er med i den vidare konkurransen.

Ver med i konkurransen:
Vi  tek med glede imot fleire bilete i veka som kjem, les meir om konkurransereglane og send inn bileta til sykkelivest@oygarden.kommune.no eller merk ditt bilete med #sykkelivest på Instagram for å delta i konkurransen.

Vi gratulerer Arne Petter Solberg med vekas bilete!

Konkurransereglane finn du her

Vinnaren i veke 30, Rune Titlestad og i veke 29, Belinda Hellesund Tomic

Sykkel for liten – men berre vent til eg blir stor – fotograf Rune Titlestad

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sykkel i havgapet – fotograf Belinda Hellesund Tomic