Engasjert VM-dag på Landro skule

Elevane på Landro ladar opp til Sykkel-VM, og i dag vart det gjennomført VM-dag med fellessamling, song og dans i gymnastikksalen før det var ei rekkje sykkelaktivitetar utandørs.

Dei to hundre elevane starta VM-dagen med fellessamling i gymnastikksalen.

 

Tidlegare i veka har femte til sjuande årstrinn hatt temporitt og bakkeløp. I dag stod fellesritt på programmet. Rektor Anita Vabø orienterte om opplegget og at alle på småtrinnet får premie.

– Kor mange har sykla til skulen i dag, spurte skulesjef Wilhelm Anglevik som hadde teke turen til Landro skule i dag.

Nesten alle hendene til elevane i gymnastikksalen gjekk i véret. Beviset såg vi utanfor skulebygget der nærare to hundre syklar stod parkert.

Frå sykkelløpet på parkeringsplassen

Sykkelkunst

Dei yngste elevane gjennomførte sykkelløp på ein bilfri parkeringsplass. Det var fansone, rebusløp, grilling, og personalet var kledd i VM-skjorter og VM-vestar.

I fellessamlinga i gymnastikksalen framførte Martin Engelsen Sykkel-VM-songen «Skjergardsvegen» saman med elevane. Elevane hadde laga til ein dans til songen. Sstemninga var på topp på Landro skule i føremiddag.

SFO har laga kunst og utsmykking med eit tydeleg sykkel-tema. Syklar er plasserte på veggene på skulen, og på skuleplassen er det laga ein stor VM-logo med ein diameter på åtte meter.

Her er fleire bilete frå VM-dagen på Landro skule i dag:

Martin Engelsen
rektor Anita Vabø